Juntaen i Myanmar tvingar kristne til å flytte julefeiringa

KRONIKK: Den brutale juntaen i Myanmar tvingar kristne til å flytte julefeiringa fordi dei skal gjennomføra eit reint skinnval som skal legitimera overgrep.

Generalane i Myanmar skyr ingen middel. Dei bombar, drep og jagar folk på flukt. Det går hardt ut over folkegrupper der svært mange er kristne eller muslimar.

Generalane tapte valet i november 2020. I februar året etter gjennomførte dei eit kupp – eller rettare: eit kuppforsøk. Nasjonalforsamlinga vart jaga. Aung San Suu Kyi vart fengsla. Fredelege demonstrasjonar vart slegne ned med. I tida etterpå har det rasa borgarkrig mellom juntaen på den eine sida og væpna grupper og folkemilitsar i ulike etniske delstatar (fylke) på den andre sida. På bakken har juntaen i dag full kontroll berre over kring ein tredel av kommunane (townships). Generalane har difor intensivert luftangrepa. Dei brukar både bombefly og motoriserte paraglidarar for å bomba, brenna og drepa.,

Den 28. desember har generalane lyst ut val i dei kommunane der dei har kontroll. Dette blir eit illegitimt val, eit skinnval som generalane vil bruka for å legitimera maktbruk og forfølging. Verda må ikkje lata seg lura. Det internasjonale samfunnet må........

© Aftenbladet