Trumps nederlag hjelper ikkje Europa |
Amerika først. Framleis
KOMMENTAR: Donald Trumps nederlag i USA-valet endrar neppe amerikansk utanrikspolitikk. Europa, inkludert Norge, må framleis ta større ansvar for oss sjølv.
Okei. Tid for å koma tilbake på landjorda igjen. Nå har me hatt eit døgn til å gleda oss over Donald Trumps knusande tap i det amerikanske mellomvalet. Det var ikkje berre ein siger for demokratane, men også for demokratiet.
Nå er det på tide å venda tilbake til dei brutale realitetane: Trump er framleis president i USA. Det er liten grunn til å tru at han kjem til å endra utanrikspolitikken, sjølv om demokratane fekk fleirtal i kongressen.
Det har konsekvensar for Norge og Europa. Det betyr framleis auka investeringar i forsvar, amerikanske tollmurar og inflasjonspress. Med dei konsekvensane det har for våre statsfinansar, rentene våre og det me betaler for varer og tenester.
Det finst likevel enkelte grunnar til håp. Meir om det seinare.
Men først: Den amerikanske presidenten har kolossalt stor makt i utanrikspolitikken. Det endra kongressfleirtalet vil kunna påverka ein del av innanrikspolitikken, særleg sidan kongressen rår over pengane. Vil Trump ha på plass eit statsbudsjett, vil han frå neste år måtta samarbeida med det demokratiske fleirtalet.
Men i utanrikspolitikken har presidenten........