Brexit løyste ikkje Europas problem
Brexit løyste ikkje Europas problem
BAKGRUNN: Brexit førte ikkje til at fleire land melde seg ut av EU. Ti år etter står ni land i kø for å melda seg inn. Men EU har ikkje løyst hovudproblemet sitt.
23. juni var det ti år sidan britane stemte for å melda seg ut av EU. I november er det ti år sidan amerikanarane valde Donald Trump til president.
I ein serie bakgrunnsartiklar ser Aftenbladet denne sommaren på den politiske reorienteringa som viste sine første tydelege teikn i 2016 og som pregar verda i 2026.
Sommaren for ti år sidan frykta mange at EU skulle gå i oppløysing. Britane hadde stemt for å gå ut av unionen. Frå høgrepopulistar i Frankrike, Italia, Nederland og Tyskland kom krava om at også dei burde melda seg ut.
Det skjedde ikkje. Tvert om. Ni land står per i dag i kø for å koma inn. Seks av dei er i aktive forhandlingar. Dei siste som kom inn i køen er Ukraina og Moldova.
Og i august stemmer islendingane over om dei skal ta opp igjen forhandlingane om å bli med i EU.
Men køen for å koma inn betyr ikkje at EU har løyst alle problema unionen kjempa med då britane takka for seg. To rundar med Donald Trump som president i USA og Russlands krig mot Ukraina har bidrege til å styrka det europeiske samhaldet og samarbeidet.
Det har blitt tindrande klart at Europa må ta meir ansvar for seg sjølv. Ein kan ikkje lenger ta for gitt verken verdifellesskapet, det økonomiske samarbeidet eller den militære alliansen med USA gjennom........
