Dei ivrigaste av oss skrollar fleire kilometer til dagen, på jakt etter kva?

KOMMENTAR: Barndommar og timar i våre vaksenliv forsvinn i eit svimlande tempo rett under fingrane våre. Algoritmane kjenner jo ingen aldersgrenser.

Bestefar mista lysten på bøker fordi han fekk eit hekt på youtube-videoar som syttiåring, og bestemor sit fast på Pinterest.

Me er alle fanga i algoritme-nettet, dopamin-junkiar som sit og fingrar med skjermane våre i timevis kvar dag. Dei ivrigaste av oss skrollar fleire kilometer til dagen, på jakt etter kva?

No har stadig fleire fått det for seg at ein skal prøva å få litt av tannkremen inn i tuba att? Men kan det gå godt?

Kan skrolling bli som røyking, eller blotting på bussen?

For tida er det mykje snakk om dei yngste. I Australia er unge under 16 år stengde ute frå sosiale medium. I Norge har ein også planar om å heva aldersgrensa for bruk av sosiale medium, og i mange skular prøver ein no å avgrensa barns tilgang til smarttelefon.

Smarttelefonane tek frå barn fri leik, leseglede- og evne. No sit dei med stiv nakke i sofaen og spelar Roblox med vener som sit i andre hus. Dei går til og frå skulen med nasen limt til telefonen, i klasseromma summar........

© Aftenbladet