Korleis kan eit venterom bli stengt utan at folkevalde har noko å seia? |
Lite rom, stor betydning
DEBATT: Korleis kan eit venterom berre stenga utan at folkevalde har noko å seia?
Harald Halvorsen LølandGruppeleiar i fylkestingsgruppa i Rogaland Senterparti
1. mai skal venterommet på Fiskepiren i Stavanger stengast. For somme kan det høyrest ut som ei lita sak. Men for pendlarar, eldre, ungdom, folk med nedsett funksjonsevne og reisande som må vente på båt eller buss i regn og vind, er eit venterom heilt grunnleggjande: tryggleik, verdigheit og tilgjenge.
Svak demokratisk styring
Det mest alvorlege er likevel ikkje sjølve stenginga – men at dei folkevalde i fylket i praksis berre kan «oppmode» til ei løysing, ikkje bestemme at tilbodet skal haldast oppe. Då må vi tore å stille spørsmålet: Kvifor har vi organisert kollektivtrafikken slik at demokratisk styring blir så svak når det gjeld heilt konkrete, viktige tilbod i kvardagen?
Når venterommet stenger, ser me kva selskapsmodellen kostar oss.
I Rogaland er Kolumbus........