Ska Steinkjerringa ringast inn med endå meir vindindustri? |
DEBATT: Skal Synesvarden og Steinkjerringa ringast inn med endå meir vindindustri? Har Arbeidarpartiet ein politikk for vern av natur, kulturlandskap og friluftsliv?
Kva står på spel når fleire ministrar rykker ut før høyring og konsekvensutgreiing for å sikra vindindustri ved Vandavatnet ved Elgane og Aniksdalsheia? Formuleringane til Bjørnar Skjæran gir tydlege signal om at her vil regjeringa trø gjennom og instruera NVE til å gje konsesjon, uavhengig av kva som kjem fram i utgreiinga. Eg har prøvd å finna ut meir om saka, men fånyttes, saka er tilnærma ukjend i fylket. Eg meiner derfor det trengst litt historieforteljing.
Staten hadde kjøpt opp ein større eigedom med myr og lynghei i dette området. Planen var å dela det ut til bønder til nydyrking og spreieareal for husdyrgjødsel, men dette var blitt forsinka på grunn av rettstvistar. Eit prosjekt gjennomført av Økoforsk etter initiativ frå Fylkesmannen i Rogaland om botaniske verneverdiar i........