Eg håpar det låg mange bøker under juletrea i år |
GJESTEKOMMENTAR: Låg det mange harde pakkar under juletreet dette året? I så fall håper eg det var bøker til både små og store som gøymde seg bak gåvepapiret. For bøker er som kjent den beste gåva, sjølv om Googles KI-robot Gemini kjem med heilt andre framlegg når eg spør om råd (som «weekendtur», «whiskyglas» og «sminkespeil med lys»).
Dei seinaste åra har det vore mange urovekkjande nyhendesaker om dårlege leseferdigheiter og stupande boksal i kongeriket. Fjorårets lesarundersøking frå Bokhandlarforeininga viste at talet på foreldre som les for ungane sine, har gått tilbake med 18 prosentpoeng dei seinaste seks åra. Ein av fire foreldre les nå aldri høgt for barna. Og mykje tyder på at svært mange vaksne sjeldan eller aldri sjølv koser seg med ei god bok.
Fritidslesinga ser likevel ut til å halda seg ganske jamn over tid – vel å merkja om ein ser på det samla volumet. I haust kom Statistisk sentralbyrå med statistikk over kven som les bøker på fritida, og kor mykje tid me har brukt på den typen boklesing i perioden frå 1994 til i dag. Statistikken viser faktisk at lesing av papirbok har teke seg........