Apropos er den frie spalten der Studvest-journalistene kan skrive om akkurat det de vil. Språket er ofte i muntlig form, og med et glimt i øyet. OBS! Spalten har høy forekomst av satire, sarkasme og ironi, og bør tas med en klype (noen ganger en neve) salt.

Dagen startar tidleg med at Milly, ikledd nissedrakt, bjeffar utanfor døra.

Du rullar ut av senga og trippar spent ned trappa. Kjenner lukta av frukost blanda med pinnekjøtet som står i vatn.

Rundt hjørnet openberar overfloden seg.

Eit juletre som endeleg får oppfylt sin “Christmas destiny” (ref: Friends) glitrar i hjørnet.

Eit frukostbord som skin i raudt.

Du set deg ned og får ei rask oversikt over den deilege maten.

Heimelaga kakao. Rundstykker som har heva heile natta. Eggerøre etter Gordon Ramsay si oppskrift. Den gode osten som du ikkje tek deg råd til å kjøpe sjølv (Østavind, du kan takke meg på mail).

Du gjer hovudrekninga på korleis du skal få smakt på alt.

Milly set seg under bordet i håp om at ho òg får smake.

Når far i huset stryk hendene over magen, kjem høgdepunktet.

Gjengen benkar seg framføre tv-en med kvar si julestrømpe stappfull av godteri, medan stemma til Knut Risan breier seg i rommet.

«Askepott, Askepott!»

Tenk at, trass all motstand, får ho prinsen denne gongen òg.

Kvalmen snik seg på i det du trykker ein bit til med sjokolade i munnen, og skyl ned med julebrus.

Sjokoladen smakte ikkje så godt lenger – men sama det.

BeReal-varselet kjem. Du hiv deg etter Milly for å ta ein selfie med den ulukkelege hunden i nissedrakt.

«Har det fint no», skriv du.

Du kjenner at det kan bli vanskeleg å få opp glidelåsen på finkleda seinare.

«Reisen til julestjernen» ruller over skjermen medan grauten blir sett på kok.

Kokken forbannar seg så over at ingen hjelper til.

Men då du spurde om du skulle hjelpe, fekk du beskjed om å gå vekk.

Og så svir grauten.

QOSHE - Oppskrifta på den mest klisjéfylte julemorgonen - Amalie Røstbø
menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

Oppskrifta på den mest klisjéfylte julemorgonen

5 3
24.12.2023

Apropos er den frie spalten der Studvest-journalistene kan skrive om akkurat det de vil. Språket er ofte i muntlig form, og med et glimt i øyet. OBS! Spalten har høy forekomst av satire, sarkasme og ironi, og bør tas med en klype (noen ganger en neve) salt.

Dagen startar tidleg med at Milly, ikledd nissedrakt, bjeffar utanfor døra.

Du rullar ut av senga og trippar spent ned trappa. Kjenner lukta av frukost blanda med pinnekjøtet som står i vatn.

Rundt hjørnet openberar........

© Studvest


Get it on Google Play