Karl Johan Hallaråker, pensjonert prest

Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Sokneprest Einar Gelius sparer ikkje på kruttet.

Sist er eit sjofelt angrep på gravferdsbyråa. Dei greier sikkert å forsvara seg sjølve.

Men eg tillet meg ein liten kommentar.

Sjølvsagt er det blanda drops i den bransjen også − slik det til fulle er i prestestanden.

Einar Gelius går under namnet «kjendisprest».

Han burde syta for å vera kjend for noko anna enn slike dårlege generelle angrep på ein seriøs bransje.

Mi erfaring er at gravferdsbyråa er seriøst arbeidande og gjer eit svært godt arbeid i krevande situasjonar. Det har alltid vore godt å samarbeida med dei.

Eg har forretta ein del gravferder gjennom eit langt liv.

Som pensjonist har eg vore vikarprest særleg i Bergensområdet. Her har eg samarbeidd med dei fleste byråa. Mi erfaring er at dei har stor respekt for kyrkja og presten sitt ansvar.

Så må også vi visa respekt for deira oppgåver. Er det noko som er uklart, må ein ta det opp slik at ein veit kvar ein har kvarandre.

Uryddig opptreden frå prestar er ikkje godt for samarbeidsklimaet.

Generelt vil eg seia at i kvart område bør det vera avklaring om retningslinjer og arbeidsfordeling mellom prostar og byrå.

Då vil ein kunna unngå uheldige situasjonar.

QOSHE - Trist Einar Gelius-angrep på gravferdsbyråene - Karl Johan Hallaråker
menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

Trist Einar Gelius-angrep på gravferdsbyråene

17 0
17.03.2024

Karl Johan Hallaråker, pensjonert prest

Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Sokneprest Einar Gelius sparer ikkje på kruttet.

Sist er eit sjofelt angrep på gravferdsbyråa. Dei greier sikkert å forsvara seg sjølve.

Men eg tillet meg ein liten kommentar.

Sjølvsagt er det........

© Nettavisen


Get it on Google Play