Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Kriminalitet er tal og statistikk, men bak statistikken er det menneske som blir utnytta og kriminelle som blir rike. Nokre av sakene vi i Fair Play Bygg Oslo og omegn arbeider med er sjokkerande grove: Arbeidsulukker, påføring av gjeld gjennom ID-tjuveri, tvangsarbeid, lønstjuveri, bedrageri av store beløp og saker der kriminelle i arbeidslivet samarbeider med organiserte kriminelle nettverk for kvitvasking av utbytte frå «ordinær» kriminalitet (les narko og prostitusjon).

Det er meir kriminalitet i arbeidslivet (akrim) enn du liker å tenkje på, og det hjelper lite å lukke auga for dette problemet. Byggjenæringa er i ei særstilling. Her er det lett for kriminelle å tene store pengar ved å svindle velferdssamfunnet, kundar og utnytte arbeidstakarar. Den største delen av næringa er seriøs. Det er mogleg å stanse dei kriminelle før dei overtek større delar av marknaden frå dei seriøse bedriftene, men då må dette arbeidet prioriterast!

Fair Play Bygg er ein varslingskanal for akrim. Vi samlar inn informasjon og tek i mot tips. Både bedrifter og arbeidstakarar kjem til oss med informasjon. Fair Play Bygg har oppnådd å få tillit i ulike miljø av arbeidsinnvandrarar. Vi gir råd til korleis utnytta arbeidstakarar kan løyse sakene sine, kva huseigarar skal gjera når dei blir svindla og korleis byggherrar kan unngå kriminelle aktørar på byggjeplassane sine. Og vi sender varsel vidare i rette kanalar.

Det manglar ikkje på løfter og store ord når det kjem til å bekjempe akrim. Både politikarar og bedrifter brukar ofte pluss-ord som «sosial berekraft», men heldigvis er det også handling. «Oslo-modellen» og anna regelverk for offentlege kontraktar har redusert omfanget av akrim på offentlege byggjeplassar i Oslo-gryta. Arbeidstilsynet, Skatteetaten, NAV og Politiet samarbeider i Akrimsenteret og fører tilsyn, kontrollerer og straffeforfølgjer kriminelle i arbeidslivet.

Likevel er det slik at akrim løner seg for dei kriminelle. Samfunnet tapar ti-tals milliardar. Det går ut over skatteinntekter, arbeidsfolk blir grovt utnytta og seriøse bedrifter tapar mot kriminelle som kan dumpe prisane. Utbytte frå akrim blir investert i anna kriminalitet og kvitvaska i bedrifter og eigedom. Arbeidstilsynet og dei andre etatane kan umogeleg vera på alle arbeidsplassar heile tida. Dei får god informasjon frå Fair Play Bygg om kven som bør kontrollerast, men det blir likevel som å «å løpe etter kjeltringane». Det vil vera langt meir effektivt om dei som kjøper varer og tenester får nok informasjon til å unngå å handle med dei kriminelle i arbeidslivet.

Her har Fair Play Bygg ei rolle å spela. Vi har god og oppdatert informasjon om metodar dei kriminelle nyttar, samtidig som vi har kartlagt ein del av dei kriminelle aktørane. Vi deler ein del av denne kunnskapen med våre samarbeidspartnarar, både kommunar og andre offentlege byggherrar og private bedrifter, entreprenørar og forbrukarar. Slik vert det lettare for desse å stenge ute dei kriminelle frå verdifulle kontraktar.

Både Halden, Moss, Fredrikstad Sarpsborg og Oslo har tidlegare løyva pengar til Fair Play Bygg sitt arbeid mot akrim. Vi håpar at politikarane ser nytta av dette arbeidet

Hittil i år har Fair Play Bygg Oslo og omegn levert 230 saker om akrim til Arbeidstilsyn, Skatteetaten, Politiet eller NAV. Av desse er det 80 varsel på bedrifter med adresse i Oslo, og 88 varsel på bedrifter med adresse i Akershus, Buskerud eller Østfold. Både seriøse bedrifter og kommunepolitikarar i og utanfor Oslo må ta større ansvar for å førebyggje akrim.

No er det vanskelege tider i byggjenæringa med høge renter og kostnader. Mange bedrifter planlegg nedbemanning og permitteringar. I denne situasjonen vil kriminelle freiste å vinne marknader og rekruttere arbeidsledige til akrim. Det er eit svært dårleg tidspunkt å nedprioritere arbeidet mot kriminalitet i arbeidslivet.

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

QOSHE - Arbeidet mot akrim må prioriterast - Lars Mamen
menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

Arbeidet mot akrim må prioriterast

11 0
01.12.2023

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Kriminalitet er tal og statistikk, men bak statistikken er det menneske som blir utnytta og kriminelle som blir rike. Nokre av sakene vi i Fair Play Bygg Oslo og omegn arbeider med er sjokkerande grove: Arbeidsulukker, påføring av gjeld gjennom ID-tjuveri, tvangsarbeid, lønstjuveri, bedrageri av store beløp og saker der kriminelle i arbeidslivet samarbeider med organiserte kriminelle nettverk for kvitvasking av utbytte frå «ordinær» kriminalitet (les narko og prostitusjon).

Det er meir kriminalitet i arbeidslivet (akrim) enn du liker å tenkje på, og det hjelper lite å lukke auga for dette problemet. Byggjenæringa er i ei særstilling. Her er det lett for kriminelle å tene store pengar ved å svindle velferdssamfunnet, kundar og utnytte arbeidstakarar. Den største delen av næringa er seriøs. Det er mogleg å stanse dei kriminelle før dei overtek større delar av marknaden frå dei seriøse bedriftene, men då må dette arbeidet prioriterast!

Fair Play Bygg er ein varslingskanal for akrim. Vi samlar inn informasjon og tek i mot tips. Både bedrifter og arbeidstakarar kjem til oss med informasjon. Fair Play Bygg har oppnådd å få tillit i ulike miljø av arbeidsinnvandrarar. Vi gir råd til korleis utnytta arbeidstakarar kan løyse sakene sine, kva huseigarar skal gjera når dei blir svindla og korleis byggherrar kan unngå kriminelle aktørar på byggjeplassane sine. Og vi sender varsel vidare i rette kanalar.

Det manglar ikkje på løfter og store ord når det kjem til å bekjempe akrim. Både politikarar og bedrifter brukar ofte pluss-ord som «sosial berekraft», men heldigvis er det også handling. «Oslo-modellen» og anna regelverk for offentlege kontraktar har redusert omfanget av akrim på offentlege byggjeplassar i Oslo-gryta. Arbeidstilsynet, Skatteetaten, NAV og Politiet samarbeider i Akrimsenteret og fører tilsyn, kontrollerer og........

© Moss Avis

Get it on Google Play