Eg registrerer at det no er arbeid i gang for å utvide verneområda i Trollheimen og opprette nasjonalpark. Frå grunneigarhald kjem det ulike signal om kva haldningar som rår. Storlidalingen Ola O. Vindal åtvarar og ber folk, særleg grunneigarar å vera kritiske, medan Eystein Opdøl, største private grunneigar i Trollheimen på Sunndalssida, er langt meir positiv. Dei har eigedomar i område som strekkjer seg godt inn i Trollheimen og det som i alle høve er positivt, er at dei begge vel å engasjere seg.

Eg er samd i mykje av det Ola Vindal åtvarar mot, særleg om det skulle vera slik at oppretting av nasjonalpark skulle føre med seg ein større auke i ferdsel, og med det skade på miljøet. Men når han dreg ei samanlikning med nasjonalparken i Dovrefjell – Sunndalsfjella, så haltar det ikkje så reint lite. Det er her grunnleggande ulikskapar på fleire måtar. Det er mellom anna to dyreslag som finst i Dovrefjell – Sunndalsfjella som ikkje er i Trollheimen.

For det første villrein, kanskje det viktigaste formålet med vernet var omsynet til den, ein art som vart utrydda i Trollheimen kring 1900 og sia erstatta av tamrein. Det andre er moskusen, ein innført art, som rett nok har funnest her i eldgammal tid, der interessa for desse dyra i seinare tid har medført ein uønskt og auka ferdsel til skade og uro for begge artane.

Ein annan ulikskap er da også at ein her i stor grad har statsålmenning i det som er blitt nasjonalpark, medan Trollheimen i langt større grad er omfatta av private eigedomar.

Eg er sjøl mellom dei som har arbeidd for oppretting av nasjonalpark i Sunndalsfjella, og er ein lykkeleg og priviligert hytteeigar i eit landskapsvernområde i buffersona til nasjonalparken. Eg kan ikkje sjå at tilgjengelegheita for oss bygdefolk i Sunndal har blitt avgrensa i nokon utilbørleg grad, men eg ser at t.d. den ikkje ubetydelege aktiviteten frå turistforeiningane er ein betydeleg negativ faktor i høve til verneformålet. Sist er dette synleggjort i det meiningslause i å ta opp att drifta på Snøheim, når ein heller burde få ei avgrensing på trafikken i hjartet av Snøhettareinen sitt område.

Dette er ein av dei siste opprinnelege villreinstammane i Europa, med mindre innblanding av tamrein enn i dei fleste andre villreinområda, men ein villrein som har blitt offer for eit press på leveområda som har ført til at den no er komme høgt på raudlista over truga dyreartar. Eg har sjølv jakta rein og hadde ein far som var ivrig jeger, men også oppteken av reinens ve og vel. Han var i si tid svært kritisk til at jakttida vart framskunda, slik at den no er 20. august, mot tidlegare 1. september og jamvel 6. september før det. Dette er eit moment som ikkje har vore framme i den pågåande debatten om kva som bør gjerast for å ta betre vare på denne urinvånaren i fjella våre.

Det er ikkje vanskeleg å skjønna og vera einig i dei motførestillingane som både Ola og Eystein har, sia det ser ut til å tiltrekkja seg ferdsel å endra til nasjonalpark. Eg har likevel meir sans for Eystein si meir positive tilnærming og har mindre tru på ei einsidig negativ haldning før ein ser kva vernet vil medføre.

Det som eg trur vi må vurdere framover, er om det skal vera nærast ein menneskerett å ferdast overalt i naturen vår – og til ei kvar tid. Eg trur om allemannsretten, at om den kanskje ikkje heilt står for fall, så er det sider ved den som må vurderast i framtida.

Av Tor Helge Gravem

QOSHE - – Skal det vera nærast ein menneskerett å ferdast overalt i naturen vår – og til ei kvar tid? - Driva Author
menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

– Skal det vera nærast ein menneskerett å ferdast overalt i naturen vår – og til ei kvar tid?

11 0
20.04.2024

Eg registrerer at det no er arbeid i gang for å utvide verneområda i Trollheimen og opprette nasjonalpark. Frå grunneigarhald kjem det ulike signal om kva haldningar som rår. Storlidalingen Ola O. Vindal åtvarar og ber folk, særleg grunneigarar å vera kritiske, medan Eystein Opdøl, største private grunneigar i Trollheimen på Sunndalssida, er langt meir positiv. Dei har eigedomar i område som strekkjer seg godt inn i Trollheimen og det som i alle høve er positivt, er at dei begge vel å engasjere seg.

Eg er samd i mykje av det Ola Vindal åtvarar mot, særleg om det skulle vera slik at oppretting av nasjonalpark skulle føre med seg ein større auke i ferdsel, og med det skade på miljøet. Men når han dreg ei samanlikning med nasjonalparken i Dovrefjell – Sunndalsfjella, så haltar det ikkje så reint lite. Det er her grunnleggande ulikskapar på........

© Driva


Get it on Google Play