Biskop Ottar Mikael Myrseth i Den nordisk-katolske kyrkje (NKK) har fått ei brei (og god) omtale i Dagen. Han var og er ein god forkynnar av Guds ord, som eg fekk vere med å ta imot då han kom til «Moa-kyrkja» (Spjelkavik kyrkje i Ålesund).

I Indremisjonens bedehus på Blindheim, som har vore nytta som interims-kyrkje, ynskte vi han velkomen, som eg fekk syngje ein song for i den første gudstenesta der. Så fekk vi høyre det under eit kyrkjelydsmøte, at vi (i indremisjonen) « … må slutte med 1800-talsleiken», nøyaktig sitert i samtalen med Myrseth i Dagen. Det undrar meg svært mykje. Noko seinare melde Myrseth seg ut av Den norske kyrkje (Dnk) for å vere med i skipinga av Den nordisk-katolske kyrkje (NKK).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så, korleis hadde det sett ut i kristen-Noreg om ikkje det var eit modig og myndig lekfolk (med teologar i sin midte) som i vidareføring av haugianismen fekk forkynne Ordet til frelse, omvending og nytt liv, ja, som tok tak i misjonsaspektet i indre- og ytremisjonsorganisasjonar, og ved bygging av bedehus, og i tillegg til det offentlege, fekk etablert skular og sosiale institusjonar?

Dette var ingen leik, men ein tok på ramme alvor forkynning av Guds ord til vekking og fornying i eit kyrkjelandskap som var svært prega av liberal forkynning som svekkja tilliten til Bibelen, og ein ville gi rom for det allmenne prestedøme og nådegåveforvaltninga.

At kyrkja vår i dag òg er i ein alvorleg krisesituasjon ikkje minst pga. nettopp den sterke liberale forkynninga, og vedtak som er gjorde i kyrkjerådsvedtak, har ført til at stadig fleire har tek opp sitt medlemskap i den såkalla folkekyrkja til vurdering.

Takka vere mykje god forkynning og rettleiing av prestar i lokale kyrkjelydar, er vi mange som framleis opplever oss godt ivaretekne. At bedehusland også har merka at flokkane der er blitt mindre og ein samlar seg om forsamlingar med forvaltning av Ord og sakrament, viser at ein vil gå nye vegar.

At ImF og NLM t.d. har over 2.000 medlemer i sine såkalla trussamfunn, vitnar om at mange finn seg betre til rette slik, og har brote med Dnk (NKK har rundt 90 (!) medlemar i dag)…. Så har andre att meldt seg ut, og inn i enten karismatiske forsamlingar, eller til andre lutherske frikyrkjer, ja, attpåtil til Den romersk-katolske kyrkje.

Når einskapen i tru vert så fragmentert, må ein spørje: Korleis skal vi kunne vere ei evangelisk kraft inn i vårt sekulariserte folk, når vi spreier oss slik? Det fører ingen å (negativt) karakterisere andre sine engasjement for å spreie evangeliet.

Vi må respektere kvarandre, og i samlynt bøn be for prestar, forstandarar og forkynnarar, og dei som står som leiarar i vårt rike frivillige arbeid i bygd og by.

QOSHE - Katolsk biskop fikk god omtale i Dagen - Harald Myklebust
menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

Katolsk biskop fikk god omtale i Dagen

13 0
10.05.2024

Biskop Ottar Mikael Myrseth i Den nordisk-katolske kyrkje (NKK) har fått ei brei (og god) omtale i Dagen. Han var og er ein god forkynnar av Guds ord, som eg fekk vere med å ta imot då han kom til «Moa-kyrkja» (Spjelkavik kyrkje i Ålesund).

I Indremisjonens bedehus på Blindheim, som har vore nytta som interims-kyrkje, ynskte vi han velkomen, som eg fekk syngje ein song for i den første gudstenesta der. Så fekk vi høyre det under eit kyrkjelydsmøte, at vi (i indremisjonen) « … må slutte med 1800-talsleiken», nøyaktig sitert i samtalen med Myrseth i Dagen. Det undrar meg svært mykje. Noko seinare melde Myrseth seg ut av Den norske kyrkje (Dnk) for å vere med i........

© Dagen


Get it on Google Play