We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

Eg vil snakke om Forsvarets musikk

1 0 853
12.07.2018

Eit ope brev til regjeringa og kulturpolitikarane om Forsvarets Musikk:

Kjære politikar, medan eg skriv dette, er me litt “utanom” sesongen, men det gjer sjølvsagt ikkje saka mindre viktig.

Eg vil snakke om Forsvarets musikk.

Eg er musikar med seks års utøvande musikkutdanning i «bagasjen», og er ein av mange som er avhengige av frilansoppdrag for å få kvardagen til å gå opp.

Dei færraste kan førestille seg ein kvardag utan musikk. I Noreg finnast det i dag fem profesjonelle musikkorps i Forsvaret, der musikarane har minst ein bachelorgrad i utøvande musikk.

Det du kanskje ikkje veit, er kor spissa kompetansen må vere for å oppnå ei fast stilling som musikar. Du kan førestille deg at dei brukar mange timar åleine på øvingsrommet, men alle desse har gjennomført eit prøvespel, der kandidatane spelar det same repertoaret, og skal overtyde ein jury beståande av musikarar i det aktuelle ensemblet. Det må oftast fleire rundar til på same dag, for å velje ein........

© Dagbladet