Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

«Gazastripa vil ikke få mat, vann, medisiner og drivstoff. Vi kjemper mot menneskelige dyr og skal handle deretter.» (Forsvarsminister Yoav Gallant den 9. oktober). Jødane blei i si tid også omtala som (skada) dyr som ikkje hadde livets rett.

«Utslett Gaza fra jordas overflate. La monstrene på Gaza flykte over til Egypt eller dø en forferdelig død». (Tidlegare informasjonsminister Galit Atbarayn ifølge avisa Haaretz.)

«Tross alt vil epidemier sør på stripa bringe en seier nærmere og redusere antall døde israelske soldater». (Generalmajor Giora Eiland i ein kronikk i avisa Yedioth Ahronot i november -23).

FN og menneskerettsorganisasjonar som Human Rights Watch meiner at Israel nyttar utsulting som våpen mot befolkninga på Gaza. Sør-Afrika har tatt Israel til FN-domstolen med anklagar om folkemord. FN-domstolen fann grunnlag for å etterforske Israel for folkemord med stort fleirtal. Sør-Afrika fikk gratis argument frå dei offisielle kjeldene nemnde ovafor.

Rogalands avis melde den 17. januar i år at Lemkin Institute for Genocide Prevention eit «raudt flagg varsel» for muleg folkemord frå Israel si side. Bakgrunnen var ei twittermelding der statsminister Netanyahu den 28. desember ifjor skreiv at «det jødiske folket har ein eksklusiv og ubestrideleg rett til alle område av av landet Israel» og at «regjeringa vil fremje og utvikle bosetting i alle delar av Israels land – i Galilea, Negev, Golan, Judea og Samaria.» (Negev innbefattar Gaza. Golan var syrisk område, som blei okkupert i 1967 og annektert i 1981. Judea og Samaria er i dag Vestbreidden.)

Etter undersøkingar mellom 2010 og 2014 konkluderte Russel-tribunalet (International War Crimes Tribunal) at det langvarige regimet med kollektive avstraffingar av palestinarane i Gaza påfører livsvilkår som resulterer i ei gradvis ødelegging av palestinarane som gruppe, og at effekten kan bli folkemord. Det er der vi er no; vi har hørt at IDF-soldatar nyleg skaut mot palestinarar i matkø der 120 blei drepne og 700 såra. I dag, den 13.03.24, får vi vite at Israel har bomba eit senter for matutdeling sør i Gaza. Til no har Israel systematisk bomba 65000 boligar, 370 skolar, 23 sjukehus, 53 helsesenter, 115 moskear og tre kirker.
(Kjelde: FNs naudhjepskontor OCHA)

Meir enn 300 overlevande og etterkomarar etter holocaust skreiv i august 2014 eit ope brev, som blei publisert som annonse i New York Times, der dei tok til orde for full økonomisk, kulturell og akademisk boikott av Israel for å stoppe folkemordet. (Rogalands avis 17.01.24) Vestlege land, med USA i spissen, har mykje å svare for i si støtte til Israels brot på alle internasjonale lovar og rettar, der vi no er opprørte, men makteslausevitne til eit folkemord i sakte film.

PS. New York Times har fått tilgang til eit dokument som viser at militære og etterretning eitt år tidlegare var informerte om eit åtak likt det blodige som Hamas gjennomførte den 7.oktober i fjor. Netanyahu ga etterretningssjefane sine skylda for at han ikkje var informert, men blei seinare tvungen til å be om unnskyldning (VG, den 01.12.23)

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

QOSHE - Planlagd folkemord - Ludvig Kvandal
menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

Planlagd folkemord

7 0
15.03.2024

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

«Gazastripa vil ikke få mat, vann, medisiner og drivstoff. Vi kjemper mot menneskelige dyr og skal handle deretter.» (Forsvarsminister Yoav Gallant den 9. oktober). Jødane blei i si tid også omtala som (skada) dyr som ikkje hadde livets rett.

«Utslett Gaza fra jordas overflate. La monstrene på Gaza flykte over til Egypt eller dø en forferdelig død». (Tidlegare informasjonsminister Galit Atbarayn ifølge avisa Haaretz.)

«Tross alt vil epidemier sør på stripa bringe en seier nærmere og redusere antall døde israelske soldater». (Generalmajor Giora Eiland i ein kronikk i avisa Yedioth Ahronot i november -23).

FN og menneskerettsorganisasjonar som Human Rights Watch........

© Avisa Nordland


Get it on Google Play